onsdag 1. september 2010

RELIGION OG LIVSSYN

Former og variasjoner av religion og livssyn har eksistert like lenge som mennesket, og spelar ei sentral rolle i samfunn verda over. Det er difor viktig å forstå dei ulike religionane og livssyna for å kunne forme seg ei forståing av verda generelt.

For lærarar spelar religion- og livssynsforståing i hovudsak to sentrale roller. For det første må ein lærar kunne formidle kunnskap om dei ulike trusretningane for elevane sine, og for det andre er ei forståing av desse viktig for at læraren skal kunne forstå livet til den enkelte eleven.

Begrepet livssyn delast ofte inn i tre delar: virkelighetsoppfatning, menneskesyn og etikk (etiske retningslinjer). Dette er både eit individuelt og kollektivt begrep, som omfattar den enkelte sin livsoppfatting, samstundast som den ligg til grunn i dei ulike gruppene som eit menneske tek del i gjennom livet.

Livssynet har to hovudgrupper:
Religiøst: ein åndelig røyndom som overstig det materielle
Verdslig: refleksjonar og oppfattingar kring sentrale livsspørsmål

Religion:
Ordet "religion" stammar truleg frå det latinske "relegere," som tyder å vere bunden til noko. Begrepet er knytt til ulike former for tru på ein oversanseleg røyndom.

Ein definisjon:
Religion er tru på makter og ordningar som overstig den sansbare røynda. Dei kan vere personlege eller upersonlege, men mennesket har eit forhold til dei, oppfattar dei som vesentlege og forsøker å innordne livet sitt etter desse.

VESTLEGE RELIGIONAR

- Jødedommen: Den eldste av dei vestlege trusretningane. Sentralt i jødedommen er monoteismen, altså trua på kun ein Gud.
- Kristendommen: Tidlegare ei beveging innanfor jødedommen, der trua på Jesus stod sentralt. Først då beveginga opna for ikkje-jødar vart kristendommen ein sjølvstendig religion, og er i dag den største religionen i verda.
- Islam: Den yngste av verdsreligionane. Islam har - historisk sett - røtter i kristendommen og jødedommen, og deler mange fellestrekk med desse. Mellom anna er også islamn sentrert rundt trua på ein eineståande Gud, og trua på englar og profetar er sentral.

AUSTLEGE RELIGIONAR

- Hinduismen: Kan sporast tilbake til fleire tusen år f.Kr., og er den største religionen i India. Hinduismen reknast som den eldste og mest grunnleggjande religiøse tradisjonen innanfor den austlege religionsfamilien.
- Buddhismen: Ei avgreining frå buddhismen, der trua på den heilage Buddah står sentralt.
- Sikhismen: Har primært røtter frå hinduismen, men deler og mange fellestrekk med islam, mellom anna monoteisme.

RELIGIØSE DIMENSJONAR

Dei aller fleste trusretningane har til fellestrekk at dei består i fleire dimensjonar.

1) Praktisk og rituell
Religiøse handlingar og ritualer - t.d. bønn, faste, ofring, etc.
2) Emosjonell
Den opplevelsesmessige dimensjonen av ein religion, t.d glede, fred, æresfrykt og redsle for det guddommelege.
3) Narrativ
Religiøse forteljingar spelar ofte ei sentral rolle i formidlinga av ein religion.
4) Dogmatisk og filosofisk
Det livssynsmessige aspektet av ein religion, t.d røyndomsoppfatting, gudsoppfatting og menneskesyn. Denne dimensjonen kan ofte gi truande svar på sentrale livsspørsmål.
5) Etisk
Dimensjonen ved ein religion som definerar etiske retningslinjer for kva som er rett og gale.
6) Sosial
Fellesskap av enkeltindivid som deler sentrale verdiar.
7) Materiell
Fysiske uttrykk av ei religiøs tru: klesdrakter, kunst, musikk, heilage stadar og heilage bygningar (kirker, moskéar, synagoger, templer, etc.)

Ulike religionar vekktlegg dei religiøse dimensjonane i forskjellig grad, og variasjonen i kva dimensjonar som står sentralt i dei ulike trusretningane er stor.

Religion og etnisitet:

"Etninsitet" stammar frå det greske ordet "etnos" - folkeslag.
Det ligg gjerne til grunn for ein viss samanhelng mellom etnisitet og religiøs tilhørighet, men nokon religionar har større etnisk forankring enn andre. Likevel rettar dei aller fleste retningane den religiøse bodskapen sin mot heile menneskeheten, på trass av det etniske aspektet.

Plural livssynsidentitet: Adaptasjon av fleire ulike livssynsmessige og religiøse element, utan nokon spesifikk religiøs tilhørighet.

Ingen kommentarer: