onsdag 20. januar 2010

Pedagogisk psykologi - KAPITTEL 8: "Motivasjon, læreing og undervising"

Kva er motivasjon?

- Indre og ytre motivasjon
- Fire teoriar rundt motivasjon:
¤ behavioristisk
¤ humanistisk
¤ sosiokulturell
¤ kognitiv
- Personlege faktorar som inngår i motivasjon:
¤ Målorientering
¤ mestringsforventing
¤ interessar
¤ kjenslar

- Korleis kan eleven sjølv påverke sin eigen motivasjon til å lære?
- korleis påverkar skulen motivasjonen?
¤ Skulearbeidet i klassen
¤ oppfattingar rundt skulearbeidet sin verdi
¤ omgjevnadar/ramer for skulearbeidet

Motivasjon: (def.) Ein indre tilstand som styrer, forårsakar og opprettheld åtferd

Fem grunnleggjande spørsmål rundt motivasjon:
1) Kva slags val gjer menneske når det gjeld åtferd?
2) Kor lang tid tek det å koma i gang?
3) Kor engasjerte er elevane i aktiviteten?
4) Kva får ein person til å halde fram eller til å gi opp?
5) Kva slags tankar og kjensler har elevane under skulearbeidet?

TO SYN PÅ MOTIVASJON:

1 - motivasjon på basis av individuelle kjenneteikn og personlege trekk

I dette synet framstillast motivasjon som eit statisk trekk ved enkelte menneske sin personlegdom. Synet er at somme menneske har ei medfødd evne til motivasjon som andre ikkje har. Denne teorien baserar seg i stor grad på det individuelle menneske sine behov og interessar

2 - motivasjon som tilstand

Denne teorien baserast på at motivasjon er ein tilstand som oppstår i ein gitt motivasjon.

Indre motivasjon:
- Aktiviteten fungerar som ei belønning i seg sjølv
- Basert på ein naturleg tendens til å oppsøkje og overvinne utfordringar i ei etterstrebing av personlege interessar og utvikling av dugleik
- Byggjer på personlege faktorar, som behov, interesse og nysgjerrigheit

Ytre motivasjon:
- Motivasjonen skapast av ytre faktorar, som belønning og straff
- Motivasjonen ligg ikkje for aktiviteten i seg sjølv, men snarare i gevinsten som aktiviteten kan gi.

Årsakslokalisering:
- Årsaken til åtferden må lokaliserast for at ein skal kunne plassere han innanfor ramer for indre eller ytre motivasjon. Dersom årsaken ikkje lokaliserast, kan det vere vanskeleg å plassere han internt eller ekstrent.

Eit anna, litt meir nyansert, perspektiv, baserar seg på at motivasjon kan plasserast langs ei line, eller ein skala. På den eine sida av skalaen er motivasjonen fullstendig intern, medan den andre sida heilt ekstern. Midt på skalaen vil det vere eit blandingsforhold, der motivasjonen er dels intern, og dels ekstern.

.......................................Indre.............................................
Indre motivasjon I----------|----------I Ytre motivasjon
.......................................Ytre...............................................

Til dømes kan denne skalaen brukast dersom ein skal årsakslokalisere kvifor ein elev er flink på skulen. Den indre motivasjonen kan vere at han likar faget, medan den ytre motivasjonen er å få gode karakterar. Dersom begge desse to er like store faktorar, vil han kunne plassere seg midt på skalaen, fordi den indre og ytre motivasjonen er like stor.

Dette perspektivet på motivasjon har vore oppe til diskusjon mellom psykologar. Somme meinar at ein ikkje skal blande indre motivasjon og ytre motivasjon, fordi dei er to ulike faktorar som skal behandlast separat.

Læraren si oppgåve for motivasjon:
- Oppmuntre og gi næring til indre motivasjon
- Syte for at den ytre motivasjonen støttar læring



- ULIKE TILNÆRMINGAR TIL MOTIVASJON -


BEHAVIORISTISK TILNÆRMING TIL MOTIVASJON
- Konsekvent forsterking av visse typar åtferd, som medverkar til utvikling av bestemte handlingar og vanar.
- Insentiv: objekt eller hending som oppmuntar til - eller motverkar - åtferd.
¤ Skryt eller kjeft
¤ Gode eller dårlege karakterar
¤ Belønning i form av pengar, gaver eller liknande
- Til dømes, dersom du er flink til noko, og stadig får positiv respons på det, vil det motivere til ei vidare utvikling av denne evnen.

HUMANISTISK TILNÆRMING TIL MOTIVASJON
- Vekt på indre kjelder til motivasjon
- Tilnærming til motivasjon som etterstreber personleg vekst, og som legg vekt på personleg fridom, valfridom og sjølvbestemming.
- Behovshierarki (Maslow): Sju nivå av menneskelege behov, frå grunnleggjande fysiologiske behov til behovet for sjølvrealisering

KOGNITIV TILNÆRMIING TIL MOTIVASJON
- Utvikla som ein reaksjon på det behavioristiske synet
- Baserar seg på at åtferd styrast av eigne tankar, og ikkje berre av belønning og straff.
- Ein av dei sentrale antakingane er at menneske sin måte å reagere på eksterne hendingar eller fysiske behov, i stor grad baserast på den enkelte sin tolking av hendinga.

Attribusjonsteori: Menneske prøver å skape meining i eigen og andre sin åtferd ved å leite etter forklaring og årsak. Dette kan tilskrivast eigne evner, innsats, humør, dugleik, flaks, interesse reglar, osb. Attribusjonsteorien beskriv korleis individet sine forklaringar, rettferdgjeringar og orsakingar verkar inn på motivasjonen.

Årsak til nederlag kan tilskrivast på to ulike måtar, ut ifrå korleis individet tolkar sitt eige nederlag.
Den første måten vil føre til nedsett motivasjon og dårlegare prestasjon i neste runde, medan den andre måten vil lede til auka motivasjon og auka prestasjon.

Nederlag > Mangel på evner > Ukontrollerbart > Ikkje ansvarleg > Skam > Tilbaketrekking > Prestasjonane blir dårlegare

I dette synet tek individet ingen ansvar for nederlaget, og hevdar at det var eksterne faktorar som var årsaken til nederlaget. Då vil ein ikkje sjå korleis ein kan betre seg, og prestasjonen vil verte dårlegare.

Nederlag > Mangel på innsats > Kontrollerbart > Ansvarleg > Skuld > Innsats > Prestasjonane blir betre

I dette synet tek individet ansvar for eigen innsats - eller mangel på sådan - og innser kva ein kan gjere for å auke prestasjonen i neste omgong.

SOSIOKULTURELL TILNÆRMING TIL MOTIVASJON
- Dette synet legg vekt på vår eiga deltaking i ulike fellesskap.