onsdag 14. april 2010

Fagoppgåve

"Motivasjon og engasjement er avgjørende for både evnen og viljen til å lese," hevdar forskaren Astrid Roe (2008:38). Denne påstanden vart grunnsteinen for oppgåva mi, i det at den framstiller motivasjon som ein avgjerande faktor for leseopplæring og leseforståing. Difor skal eg i denne oppgåva ta føre meg følgande problemstilling:

Korleis kan læraren bidra til å skape leselyst og motivere elevar på 5. årssteg til å lese meir?

Spelar læraren ei aktiv rolle i det å motivere elevane til å lese? Korleis blir forholda på skulen lagt til rette for å byggje opp om auka leselyst hjå elevane?

Eg har basert mine undersøkjingar på observasjon og intervju i ei 5. klasse i Os kommune.

I fagboka «Pedagogisk psykologi» har Anita Woolfolk definert motivasjon som ein indre tilstand som medfører, styrer og opprettheld ein åtferd (2007:274).

Det ligg mange aspekt til grunn som kan påverke motivasjon og leselyst hjå elevane. Desse kan til dømes vere lese- og skrivevanskar og synshemmingar. Eg skal ikkje i særskilt stor grad behandle desse emna, fordi dei i seg sjølve er store forskingsfelt. Eg vil likevel sjå litt på korleis elevar med lesevanskar i klassen stiller seg til eigen lesemotivasjon, fordi det kan vere relevant med omsyn til korleis læraren må gå fram for å motivere desse elevane.

Anita Woolfolk deler motivasjon inn i to undergrupper: indre motivasjon og ytre motivasjon (2007:275). Den indre motivasjonen går på interne, personlege faktorar som kan medøfre ein aktivitet. I forbinding med lesemotivasjon kan læraren her spele på elevane sine indre behov og interessar for å få dei til å lese. Den ytre motivasjonen spelar på eksterne faktorar, som til dømes sosialt press, lønn og straff.

Lesing og leseforståing har ei sentral rolle i Kunnskapsløftet (K-06) for 5. - 7. årssteg. Her står det mellom anna at elevane skal "lese et mangfold av tekster i ulike sjangrer og av ulik kompleksitet på bokmål og nynorsk: norske og oversatte, skjønnlitterære tekster og sakprosatekster." I dette målet kan det vere avgjerande at læraren greier å gjere opplæringa så relevant og målretta for elevane som mogleg. Læraren bør gi elevane meistringsmål, og oppgåver som er relevante med omsyn til skulearbeid og interessar (Guthrie 2007:134). Med omsyn til motivasjon rundt faglitteratur, er det viktig at elevane har tilgang til variert fagstoff som tilnærmar seg emnet på ulike måtar. Då har elevane ein moglegheit til å foreta val i læringsprosessen og aktivt påverke fagstoffet. (Guthrie 2007:134, Roe 2008:137-138).

John Guthrie tek i boka "Engaging adolescents in reading" (2007) for seg fem punkt som er relevante for ein pedagog med omsyn til det å motivere elevar til å lese:

For det første bør læraren gje elevane meistringsmål. Guthrie hevdar at det fins ein klar samanheng mellom meistringskjensle og motivasjon, og at elevane difor bør ha konkrete mål å arbeide mot som ligg innanfor ramene av det dei kan meistre.

Heretter skriv han at det kan vere viktig å opne for at elevane sjølve får velge kva dei skal lese; både skjønnlitterært og kva fagtekstar angår. Her bør læraren legge forholda til rette for at elevane har eit rikt mangfald av kjelder til kunnskap, og at dei sjølve kan velge korleis dei vil tilærme seg stoffet. Dette skal bidra til at elevane får eit auka eigarforhold til teksten dei les, og dermed auke motivasjonen for læring.

Guthrie skriv og at læraren bør legge opp til sosial interaksjon ved at elevane får dele teksten med andre, og slik skape rom for felles resonnering og refleksjon kring tekstane. Dette skal bidra til å støtte opp om elevane sin sosiale motivasjon, samt skape ei auka forståing for meiningsinnhaldet i tekstane ein les.

Læraren bør bidra til å skape meistringsforventing gjennom å rettleie elevane til å finne tekstar som er tilpassa nivå, og på denne måten auke trua på ein kan lukkast med lesinga. Dette skal, i følge Guthrie, fungere spesielt godt på elevar som slit med lesepersepsjon, men og byggje opp kring sterke elevar. Læraren må og syte for at elevane har den grunnleggjande kompetansen som krevjast for å forstå teksten dei les på eit kognitivt plan.

Det kan i tillegg vere relevant å legge opp undervisinga kring tekster som bygg opp om elevane sine interessar, samt hjelpe elevane med å finne fram til tekstar som vekker engasjement.
Roe påpeikar at den mest konstruktive måten å bruke desse måla på, kan vere å velje det området som anten er mest problematisk, eller mest overkommeleg, basert på den aktuelle eleven sine føresetnadar og behov (Roe 2008:136).

For å finne ut meir om lesemotivasjon i den aktuelle skuleklassen, har eg samla empirisk data gjennom kvalitative og kvantitative metodar, ved hjelp av intervju, spørreundersøkjingar og deltakande observasjon. Gjennom kvantitative metodar har eg funne opplysningar som går på å finne det gjennomsnittlege, med målsetjing å formidle forklaringar. Kvalitative metodar har gitt meg moglegheit til å gå meir i djupna av temafeltet, med mål å formidle ei forståing. Ved å bruke eit vidt spekter av forskingsmetodar har eg oppnådd eit variert spekter av opplysingar som kan bidra til å kaste lys over problemstillinga mi (Dalland 2004:74).

Gjennom undersøkjingar kring rangering av leseforståing går det fram at samtlege 19 elevar rangerar seg sjølve som gjennomsnittlege lesarar, også dei elevane som etter standarden har ei god måloppnåing kring lesedugleik.

Eg gjennomførte og ei anonym1 undersøkjing kring lesemotivasjon, der alle 19 elevane kryssa av for at dei likte å lese, også dei elevane som og kryssa av for at dei syns lesing er vanskeleg. Dette forklarar klassestyraren ved at klassen gjennom ulike leseprosjekt har satt stor fokus på lesing som ei felles oppleving. Han fortel og at elevane har bibliotektime ein gong i veka, der dei sjølve får velje kva dei vil lese. Dersom skulebiblioteket ikkje har bøker som kan motivere enkeltelevar til å lese, har læraren i enkelte tilfelle sjølv gått til innkjøp av bøker som høvar interessane til desse elevane.

Kvar dag har klassen gjennomgang av leseleksa, der elevane les høgt for resten av klassen, anten åleine eller i små grupper. Eg oppdaga at alle elevane ønskte å lese høgt, og at samtlige elevar hadde eit høgt meistringnivå kring lesing. Her har læraren spela på den ytre sosiale motivasjonen kring lesing, og på denne måten oppnådd at elevane syns det er kjekt å lese for resten av klassen. Han har i tillegg, gjennom å sette fokus på dagleg lesing, heva meistringsnivået kring lesedugleik, og slik oppnådd ein indre motivasjon om vidare utvikling. Dette kunne elevane bekrefte i den anonyme spørjeundersøkjinga, der samtlige elevar kryssa av for at dei les for å verte flinkare til å lese.

Tre gongar i året gjennomfører læraren ein lesetest, der elevane les ein tekst, og deretter svarer på spørsmål frå teksten. På denne måten får læraren ei klar framtilling av kor fort elevane les, samanlikna med kor mykje dei faktisk får med seg av det ei les. Her kan ein sjå ei klar utvikling av elevane sin lesedugleik. Elevane blir informert om eiga utvikling, og får dermed ein auka motivasjon til å gjere det enda betre på neste test, samt ei auka tru på eigen dugleik.

Læraren i denne klassen har generelt eit sterkt fokus på lesing, og arbeider mykje med at elevane skal syns at lesing er kjekt. Gjennom regelmessig leksegjennomgang og konkrete tilbakemeldingar kring den enkelte eleven si utvikling, oppnår han i stor grad å vekkje ei interesse. I tillegg ivaretek han elevane sine individuelle behov gjennom å aktivt oppsøkje litteratur som kan spele på enkelteleven sine personlege interessar.

Elevane nevnte i spørjeundersøkjinga fleire ting som kan spele inn på deira motivasjon for å lese. Ein elev skreiv at boka ikkje må vere for lang, og at ho må vere lettlesen. Her ser vi noko av det John Guthrie nevnte i sin motivasjonsplan, kring det at elevane skal oppnå ei kjensle av meistring, og at meistringskjensla dermed skal leie til ei auka leseglede. Dette støttar læraren opp om, og fortel at både han og bibliotekslæraren hjelp elevane til å finne fram til bøker som passar deira nivå. Elevane har dermed ei større moglegheit for å lukkast med lesinga.

Likevel er det i utgangspunktet viktig at elevane har dei grunnleggjande lesekunnskapane som leseprosessen krevjer. Dei aller fleste elevane i klassen har gode evner innan avkoding av tekst, med unntak av to elevar med lese- og skrivevanskar. Desse elevane får individuell leseopplæring utanfor klasserommet, og begge elevane synte på lesetestane ei svært god utvikling i sin lesedugleik. Berre i år har den eine eleven gått frå 117 ord i minuttet i haust, til 126 ord i minuttet no i vår. Den andre eleven har gått frå 96 ord til 123 ord over den same tidsperioda. Det øvrige snittet i klassen ligg på 160 ord i minuttet, så dei to elevane syner ein stor framgang.

Fleire elevar meinte at boka måtte handle om noko dei interesserte seg for. Her kan læraren vere behjelpeleg i det å hjelpe eleven til å finne fram til bøker som kan «treffe» han eller ho. Her syner læraren til eit tilfelle då ein elev nekta å lese, fordi han aldri fann bøker som fengja. Læraren spurte eleven litt om kva interessar han hadde, og eleven sa at han var svært interessert i Michael Jackson. Dermed gjekk læraren til bokhandelen og kjøpte ei bok om livet til Michael Jackson, og eleven las denne, og seinare mange fleire bøker i ulike sjangrar. Dette eksempelet kan syne kor viktig læraren si rolle kan vere i det å skulle motivere elevane til lesing, sjølv når lesedugleiken er på plass.

Nokon gongar les læraren høgt frå ulike romanar for klassen, til dømes i matfriminutta. Dette kan vere med på å inspirere lesedyktige elevar til å lese meir, medan elevar som slit med å avkode teksten likevel kan få eit innsyn i den skjønnlitterære verda. Kanskje kan det og vere medverkande til å gi dei svakare elevane ein motivasjon for å auke lesedugleikane sine?

Det er mange faktorar som kan spele inn på elevane sin lesemotivasjon. Lese- og skrivevanskar, uinspirerande lesestoff og eit syn på lesing som ei plikt er berre nokre av desse, og det er viktig at ein god norsklærar er merksam på desse for å kunne ta tak i det, for slik å auke motivasjonen til elevane.

Gjennom intervju og deltakande observasjon har eg blitt gjort medviten på dei ulike metodane som ein lærar nyttar for å motivere elevane til å lese meir. Det kan sjå ut til at det aller viktigaste er å kjenne elevane. Ein må vite kva styrker og svakheiter dei enkelte elevane har for å kunne hjelpe dei til å leite fram til bøker som byggjer meistringsforventing og femner om dei ulike interessane som elevane har. Ein må og ha ein aktiv dialog med elevane, for å kunne finne ut kva elevane faktisk ynskjer, kan og treng å lære.